1) Kva skal du bruke breiband til?
Berre sjekke e-post, bruke nettbank og surfe litt: Då held det ofte med dei lågare overføringskapasitetane som igjen tyder låg månadskostnad.

Litt meir avansert bruk (til dømes laste ned større datamengder som video og musikk, bruke PC og ringje samtidig med breibandstelefoni): Då bør du vurdere dei mellomste overføringskapasitetane.

Avansert bruk (laste ned/opp store datamengder, sjå på TV, fleire samtidige brukarar, breibandstelefoni, interaktivt TV/filmbestilling, videokonferanse osb): Du bør då velje ei svært rask line.

2) Kva gir deg mest for pengane?
Det er lurt å samanlikne kva du får for pengane og finne den leverandøren som passar for deg:

Kva av produkta gir “mest breiband for pengane”? Dette kan ein til dømes undersøkje ved å bruke breibandskalkulatoren til www.telepriser.no, og krysse av for éin av dei tre kapasitetsklassane. Du kan deretter rangere etter pris pr. kbit/s.

Etableringspris: Det er store skilnader i etableringspris. Leit til dømes etter kampanjetilbod. Desse er det ofte opplyst om under “mer info” i www.telepriser.no, der tilbydarane sjølve legg inn tilboda sine. Opplysningane på den sida vert drifta og kvalitetssikra av PT.

Det kan og vere tenleg å studere informasjonen breibandsleverandørene har om overføringskapasiteten på sine tenester. Her kan det vere ulik praksis med ”netto-” og ”bruttotal” for linehastigheten. I tillegg må ein ta omsyn til såkalla ”overbooking” av kapasiteten med mange samtidige brukarar. Men dette er tal som ofte er vanskeleg tilgjengelig.

3) Kva er inkludert?
Sjekk kva utstyr (modem/ruter) og tilleggstenester som er inkludert i tilbodet du vurderer. Desse tenestene er særleg viktige:

Brannmur. Ei breibandsline utan brannmur er svært utsett for ”hacking”. Alle breibandsbrukarar bør sterkt vurdere å skaffe seg ein brannmur, dersom breibandsleverandøren ikkje allereie tilbyr det.

Spamfilter – vernar deg mot uønska e-post, reklame etc.

Antivirusprogram – vernar din PC mot datavirus og skadelege program. Du kan finne meir informasjon om dette på www.nettvett.no 

Brukarstøtte fra leverandøren (som er tilgjengeleg ved dei tider du sjølv nyttar breibandet)

Er breibandstelefoni tilgjengeleg, eventuelt inkludert? Kva slags utstyr er inkludert og kva må du eventuelt anskaffe i tillegg?

Er TV-tenester eller filmbestilling tilgjengeleg, eventuelt inkludert?

kilde: npt.no
Får du den netthastigheten du betaler for?

Tags: , , ,


.

One Response to “Oppsummerande sjekkliste ved valg av breiband”

  1. Nikolai says:

    Når vi først fikk “bredbånd” fra telenor på eidsvoll, var det mye raskere enn det vi får i dag. De går nedover hos telenor og ikke oppover. Veldig dårlig med andre ord. I tillegg får vi mindre hastighet enn det vi skal ha. Men så har jo styresmaktene sørget for at private telenor eier alle telefonledningene her så noen konkurranse blir det lite av.

Leave a Reply

You can use these tags: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

***